Nicolai Wergeland

Nicolai Wergeland

Fødd9. november 1780
Hosanger
Død25. mars 1848 (67 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, teolog, politikar, skribent
Utdanna vedBergen Katedralskole
EktefelleAlette Dorothea Wergeland
BarnHenrik Wergeland, Camilla Collett, Joseph Frantz Oscar Wergeland, Augusta Antoinette Wergeland Vedøe, Harald Titus Alexis Wergeland
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1824–1826)
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata
Nicolai Wergeland

Nicolai Wergeland (9. november 178025. mars 1848) var ein norsk teolog, skribent og politikar, kjend som ein av opphavsmennene til Den norske grunnlova.

Han var éin av i alt 14 prestar som var med i Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 og gjorde ein stor innsats i konstitusjonskomiteen. Han møtte godt førebudd og hadde med seg eit grunnlovsframlegg i 100 paragrafar som i følgje historikaren Arne Bergsgård, var det det beste framlegget ved sidan av Adler-Falsens. Nicolai Wergeland skal vera opphavsmann til uttrykk som Lagting, Odelsting og Storting[1]. Han er mest kjend i ettertid som far til Henrik Wergeland og Camilla Collett, men var sjølv uvanleg gåverik. Han tok ivrig del i samfunnslivet og var innblanda i dei fleste litterære og kulturpolitiske debattar mellom 1814 og 1840.

Nicolai Wergeland var fødd i Hosanger som son til Halvor Lasseson. Ved dåpen vart han gitt namnet «Niels Vergeland».[2] Han døydde på Eidsvoll.

  1. Odd Arvid Storsveen til Uniforum (Universitetet i Oslo)[daud lenkje], jf. òg Sverre Steen
  2. Hosanger, Ministerialbok nr. A 2 /1 (1766-1793)

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search